top of page
Utøvarinformasjon

M

Me ønsker alle utøvarar velkomne til Sandneshallen. Under har me samla informasjon som me håper kan vera til hjelp for alle våre gjestar.

Garderobar

Det er garderobar i underetasjen ned trappa ved hovudinngangen.

Oppvarming

Det er tilgang til oppvarming i hallen under heile mesterskapet. Oppvarming foregår på fleirbruksområdet/delar av rundbane (oppvarmingssone 1) når det pågår 60m og 60m hekk på ytre sprintstripe. Utanom dette er det oppvarming på ytre sprintstripe (oppvarmingssone 2). Sjå her for oversikt over oppvarmingsområder inne.

For dei som ønsker å varma opp utandørs, er det fine joggeløyper i området rundt Sandneshallen. Sjå her for anbefalte løyper.

Stevnekontor

Stevnekontoret finner du til høgre for kiosken rett ved hovudinngangen.

- Individuell og lagvis utdeling av deltakarkonvoluttar.
- Informasjon og service.


Åpningstider:


Torsdag 7. mars: kl. 17.00 - 20.00
Fredag 8. mars: kl. 11.00 – 20.30
Lørdag 9. mars: kl. 08.00 – 19.00
Søndag 10. mars: kl. 08.00 – 16.00

Henting av startnummer

Henting av startnummer skjer også frå samme stad. Startnummer blir levert ut individuelt eller lagsvis, etter ønske. For å få lov til å starta må startkontingenten vera betalt. Me ber difor om at laga sjekker at betaling er foretatt før avreise til Sandnes. Startnummer vil ikkje bli lever ut utan at betaling er registrert. Betal innan tidsfristen for påmelding til kontonummer: 3260.28.44942

Akkreditering

Akkreditering blir ikkje brukt under mesterskapet.

Kvalifisering løp

Sjå UM reglement punkt 27.2.

Kvalifisering tekniske øvingar
Viss det er 12 eller færre utøvarar etter opprop for kvalifisering i teknisk øving, blir det ikkje kvalifisering. Alle som har møtt til opprop går til finalen.

 

Stafett
Skjema for lagoppstilling kan du henta på stevnekontoret. Dette må vera ferdig utfylt og returnert seinast to
 timar før stafett søndag. Når du har levert inn skjemaet for lagoppstilling får du utlevert startnummer for laget. Lagsamansetning og rekkefølge for utøvarane på stafettlaget kan endras fram til tidspunktet for innmarsj.

 

Startnummer

Utøvarane skal ha to startnummer. Eit på brystet og eit bak på ryggen. Unnatak for høgde og stav der det er tillat med kun eit startnummer.

Vektkontroll/kastutstyr

Personleg kastredskap, som du ønsker å bruka, må leverast til kontroll, ved klatreveggen, seinast ein time før start. Under mesterskapet er det utandørskule som blir brukt.

Åpningstider for vektkontroll: 

Lørdag frå kl. 09.00

Søndag frå kl. 09.00

Skokontroll

Det vil bli foretatt skokontroll av eit tilfeldig utvalg av utøvarane sine sko etter at øvinga er ferdig og i call room før øvingsstart. 

Oppdatert oversikt over kva sko du har lov til å bruka finner du her.

 

Piggar

Det er ingen særkrav til bruk av piggar på friidrettsflatene i Sandneshallen. Det betyr at det er tillatt med opp til 6mm spisse piggar på friidrettsflatene. Merk at høgde kan foregå med tilløp på fleirbruksområdet, difor er det i høgde kun tillatt med butte piggar. Butte og spisse piggar får du kjøpt i kiosken.

Det er ikkje tillatt med spisse piggar på fleirbruksområdet. Skal du ta drag med spisse piggar, gjer du det på områdene med Mondo-dekke. Dvs på rundbanen når oppvarming foregår der.

Callroom

Foregår ved område mellom kulesektor og ytre sprintstripe seinast på tidspunkt oppgitt i tidsskjemaet. Her skal konkurransedrakt inkl startnummer og reklame, sko, antall og dimensjon på piggar visast fram for aktuell øving.

Innmarsj

Alle deltakerne skal være med på innmarsjen. Oppmøte ved teltet for call-room . Tidene for oppmøte til innmarsj vil framgå av tidsskjemaet.

Oppbevaring av stavar i Sandneshallen

Å reisa rundt med en haug med stavar er lite kompatibelt med hotellrom, hotellheiser eller liknande. Ta turen oppom hallen, så skal me finna plass til stavane dykkar. Sjekk åpningstidene for stevnekontoret.

Liste over stavar til utlån blir snart lagt ut her.

 

Lege

Det vil vera lege/førstehjelp til stades i hallen. «Legekontor» finner du til venstre når du går inn hovudinngangen. Telefonnummer til stevnelege finner du her.

 

Premieutdeling

Premieutdeling vil bli foretatt kort tid etter øvingsslutt. Antatt tidspunkt er oppgitt på tidskjemaet. Oppmøte under tribunen. Inngang til venstre når du går inn hovudinngangen.

Premiering

Medaljar til dei tri beste i kvar øving.

Resultater
Blir lagt ut og oppdatert fortløpende under "resultater"-menyvalg. Resultatene blir også slått opp bak tribunen.

 

 

bottom of page