top of page

Finalar på 200m



Arrangør har fått aksept frå NFIF for gjennomføring av 200m finalar etter ny modell. Pga at Sandneshallen er eit fire-banars anlegg, har arrangør foreslått følgande modell for at fleire utøvarar skal få best mogleg forhold i finalar:

  • På 200m blir det arrangert to likeverdige finalar i kvar klasse.

  • Tider oppnådd i desse to finalane blir brukt mtp totalplassering og medaljefordeling.

  • I finale-heat 1 løper utøvarane med 2.,4.og 6. beste tid frå kvalifiseringsrunde i hhv bane 4,3 og 2.

  • I finale-heat 2 løper utøvarane med 1.,3.og 5. beste tid frå kvalifiseringsrunde i hhv bane 4,3 og 2.

  • Bane 1 blir ikkje brukt i finalane.

På denne måten er det seks utøvarar som kvalifiserer seg til finalar frå kvalifiseringsrunde og fleire får løpa i gunstige banar i finale.


bottom of page